I 2015 blei «Pippi» spelt av  Elina Eide Hvidevold, medan Fridar Malmsten Steinkopf var Tommy og Inga Hedvig Voster Vannes var Annika.
ARKIVFOTO: Øystein Birkenes
I 2015 blei «Pippi» spelt av Elina Eide Hvidevold, medan Fridar Malmsten Steinkopf var Tommy og Inga Hedvig Voster Vannes var Annika. ARKIVFOTO: Øystein Birkenes

Pippi sat inne

Pippi-festivalen, for mange eit av sommarens høgdepunkt i Skånevik, starta med to førestillingar torsdag.

Heile seks førestillingar til skal gjennomførast i hotellhagen frå fredag til søndag, så moglegheitene er gode for å få med seg ei svært så gjennomført Pippi-oppsetting i løpet av helga. Rollene er i all hovudsak besett av dei same skodespelarane som i fjor, og ein kunne merke at skodespelet og replikkane sat veldig godt inne allereie på første framføring torsdag. Publikum kom godt kledd for det litt kjølege og vindfulle vêret, og okkuperte rundt tre fjerdedelar av tribunen.

Førestillinga tar for seg den velkjente grunnfortellinga om når Pippi (Elina Eide Hvidevold) først kjem til bygda og buset seg i Villa Villekula, og raskt blir venner med Tommy (Fridar Malmsten Steinkopf) og Annika (Inga Hedvig Voster Vannes). Dei vaksne er svært skeptiske til at Pippi bur åleine i villaen sin, utan tilsyn.

Amatørar og proffar

Det blir brukt ei blanding av amatørar og profesjonelle skodespelarar, og blant proffane finn ein blant anna Sigmund Njøs Hovind og Harald Ottesen Nødtvedt i rollene som politibetjentane Kling og Klang.

Dei er med andre året på råd, og jobbar til vanleg på den Nasjonale Scene i Bergen.
— Det er ein flott liten sommarjobb dette, fortel Nødtvedt.
Hovind og Nødtvedt har ein komisk teft som passar veldig godt til å spele dei to inkompetente betjentane, som prøver å taue inn Pippi for å plassere ho på barneheim.
I tillegg til skodespelet er det eit tilslutta festivalområde i hotellhagen, med matsal og ulike aktivitetar for ungane.