Kvelertak, anført av Erlend Hjelvik (bildet), herja i sirkusteltet under Rootsfestivalen fredag.
Kvelertak, anført av Erlend Hjelvik (bildet), herja i sirkusteltet under Rootsfestivalen fredag.

Regnfull Roots

Vêret minna meir om seinhaust enn midtsommar i helga, uheldigvis for årets Rootsfestival i Vikedal. Kvelertak med fleire gjorde sitt for å få opp temperaturen.

Om ikkje vêret akkurat spelte på lag med Roots-festivalen i helga, innfridde i alle fall musikken og publikummet som trossa regnet og vinden for å høyre på, melder Roots-sjef Jarle Nes.

— Sjølve avviklinga av arrangementet har gått knirkefritt, og det er me fornøgde med, fortel Nes til Grannar søndag ettermiddag.

Kvelertak, som Roots-sjefen knytta ekstra spenning til i forkant av av festivalen, slapp laus sin eigen musikalske storm i teltet rundt midnatt fredag kveld, medan vinden og regnet herja utanfor.

— Sirkelen er slutta, det føles veldig rett å vere tilbake i Vikedal og spele der eg hadde mi aller første festival-oppleving, meldte den karismatiske Kvelertak-frontmannen Erlend Hjelvik frå scena. Han er som kjent vaksen opp i Roots-bygda.

— Kvelertak ga full trøkk heilt frå start, og det var ei særs bra oppleving, seier Jarle Nes. — Violet Road, som spelte før Kvelertak, var og ei positiv overraskelse for mange som ikkje hadde høyrt om dei i forkant, har me fått tilbakemelding om. Og så er me godt nøgde med at det også faktisk blei bra stemning og temperatur då til dømes Jaa9 og Onkel P spelte på dagtid på ein svært kald og forblåst lørdag.

Eksakte publikumstal har ikkje Nes inne enda, men han stikk ikkje under ein stol at det er snakk om å håpe på å komme seg nokonlunde i hamn økonomisk.

— Det minna jo meir om midten av oktober enn midten av juli her i helga, seier han. — Me rekner med at det er atskillig svakare tal enn i fjor, men krysser fingrane og håper på det beste.