Sett i arresten

Ein mann i byrjinga av 20-åra vart søndag føremiddag brakt til arresten. Mannen vart meldt til politiet for ordensforstyrring og for å ha slått til ein person i Skånevik, melder politiet. Ingen av dei to var lokale. Den sikta har erkjent forholdet, medan fornærma ikkje kom alvorleg til skade.