Tor Egil Holmedal og marinbiolog Jeanette Gramstad talde opp fangst av stor laks tatt i laksefella i Etneelva i fjor sommar. 
FOTO: ARNE FRØKEDAL
Laksefela i Etne gir Havforskingsinsituttet godt oversikt over innsiget og kan ta ut rømt oppdrettslaks. Her Tor Egil Holmedal og marinbiolog i sving for nokre år sidan. Arkivfoto: Arne Frøkedal

Travelt med å fanga oppdrettslaks

Ei stor og ikkje-rapportert lakserømming ein eller annan stad i Hardangerfjorden, gir stort utslag i Etneelva. Dei siste dagane er det plukka ut 30 oppdrettslaks frå laksefella.

Tor Egil Holmedal i Etne elveeigarlag og marinbiolog Jeanette Gramstad frå Havforskingsinstituttet, er ikkje i tvil om kva som hadde skjedd med elva utan laksefella.

— Den rømte fisken fører til genetisk utvatning av den ville laksestamma. I tillegg er den meir aggressiv og jagar vekk villaksen.

Stor fisk

Det var tysdag denne veka at Fiskeridirektoratet slo alarm etter mange meldingar om stor oppdrettslaks i Hardangerfjorden og Sunnhordlandsbassenget.

Førebels har ingen oppdrettarar meldt om uhell, men direktoratet har blinka ut tre anlegg som aktuelle. Det kan dei gjera blant anna med å sjå på storleiken av den rømte laksen, som er stor fisk på mellom seks og åtte kilo.

Rapportane om rømt oppdrettlaks strekkjer seg frå Granvin til Etne. Fiskeridirektoratet oppfordrar folk om å melda inn fangster og observasjonar til sin døgnopne vaktsentral: 03415.

Oppdrettslaksen er kjønnsmoden og full av rogn.

Oppdrettslaksen er kjønnsmoden og full av rogn.

30 på få dagar

Då Grannar var ved laksefella ved Enge bru tidleg torsdag ettermiddag var statusen 41 fanga oppdrettslaks så langt i år. 30 av desse er tatt dei siste dagane. Folka bak oppsynet konstaterer at det stadig kjem in fleire og trur at dei passerer hundre oppdrettslaks i løpet av helga.

— Alle fiskane er mellom fem og åtte kilo, og er gyteklare, seier Tor Egil Holmedal som har hovudoppsynet med laksefella.

— Kor kjem fisken frå?

— Ja, det skulle me også likt å vita, svarer han og nikkar mot fjordane nordover.

Den unike installasjonen inngår i eit nasjonalt prosjekt som også oppdrettsnæringa er med og finansierer.

Stengt elv

Etneelva er stengt for laksefiske for andre år på rad på grunn av for svakt fiskegrunnlag, samstundes som laksefella er med og hindrar at uønska oppdrettlaks går opp.

— Resultatet er bra; det har aldri vore så lite oppdrettslaks i elva som nå. I fjor tok me ut 180 oppdrettslaks frå fella, samstundes som det blei fiska 150 i området nedafor, seier Holmedal.

Meir villaks

Medan oppdrettslaksen effektivt blir stansa i fella og avliva, blir villaksen sortert opp og sleppt oppover. Så langt i år har det passert heile 450 laks og rundt 500 aure. Det er lovande med tanke på opning for fiske neste år.

Samanlikna med 468 villaks i heile fjor, synest Holmedal dette er bra, sjølv om den typiske etnelaksen på rundt ti kilo pluss/minus så og seia er borte.

— Dette er siste året med laksefalla, men det pågår samtalar om å forlenga det treårige prosjektet. Det me nå ser, viser at det er behov for ein slik reiskap også vidare, elles er det tilbake til start, seier Tor Egil Holmedal.