Tor Egil Holmedal (t.v.) plukkar opp årets første villaks frå fangstfella i Etneelva. Foto: Andreas Espevik
Fiskefella i Etne får penger til uttak av rømt oppdrettslaks. Her Tor Egil Holmedal (t.v.) i aksjon for nokre år sidan. Arkivfoto

Ukjent lakserømming i Sunnhordland

Fiskeridirektoratet slår alarm etter melding om fangst av stor oppdrettslaks i Hardanger og Sunnhordland.

Fiskeridirektoratet har mottatt meldingar om fangst av oppdrettslaks i Hardangerfjorden og Sunnhordland. I meldingane er det eit stort innslag av relativt stor fisk seks til åtte kilo. Dei første fangstane blei meldt inn frå Jondal og Kvam.

Fangstane og observasjonane korresponderer ikkje med nokon kjent rømming den seinare tid

Seinare er det kome inn meldingar som geografisk strekkjer seg frå Granvin til Etne. Nokre av rapportane gjeld også fisk på mellom fire og sek kilo. Ved sidan av fangster gjort av fritidsfiskarar, er det også rapportert om fisk frå både laksefella i Etne og frå Statens naturoppsyn, opplyser Fiskeridirektoratet.

Ikkje rapportert

— Fangstane og observasjonane korresponderer ikkje med nokon kjent rømming den seinare tid. I samband med Nina-stormen i vinter fekk me meldingar om fangst av fisk på rundt seks kilo. Mykje tyder likevel på at det som nå blir fanga og observert, ikkje kan setjast i samanheng med denne tidlegare ukjente rømminga, uttaler direktoratet.

Førekomst av mykje rømt oppdrettslaks av omtrent lik storleik i området gjer at Fiskeridirektoratet ser på dette som ei akutt hending. Storleiken tilseier også at mykje av fisken vil kunna kjønnsmodna seg i løpet av hausten. Fiskeridirektoratet kjem derfor til å følgja opp situasjonen både med tanke på å avdekke kjelda og sørgja for avbøtande tiltak.

Oppdrettarar med fisk i aktuell storleik er nå i gang med å undersøka anlegga sine. Dei vil gi tilbakemelding til Fiskeridirektoratet om kva undersøkingar som er gjort eller vil bli gjort innan onsdag 8. juli.

Ønskjer tips

Fiskeridirektoratet vil oppfordrar folk om å melda inn fangster og observasjonar til sin døgnopne vaktsentral: 03415.

— Det er nå er sesong for innsig av villaks og bestandane av både villaks og sjøaure i området er sårbare, heiter det i meldinga frå direktoratet.