Varmt, men ingen rekord

Sommarvarmen ser ut til å foreløpig ha toppa seg, med temperaturar oppmot 30 grader celsius torsdag 2. juli. Frå fredag av melder meteorologisk institutt om ein del lågare temperaturar, men finvêret skal for det meste halde seg ut søndagen. Trass sterk varme på torsdag, tilseier dei offisielle tala frå Vats målestasjon ingen rekord: 28,9 grader, godt under det høgaste talet for juli i fjor, som var 31,9 grader.