Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling peikar på at det er viktig for utviklinga å alltid ha næringstomter tilgjengeleg. 
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Asbjørn Moe, dagleg leiar i Fikse Næringsutvikling, er svært bekymra for situasjonen blant dei lokale bedriftene. Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen

Han vil bli rådmann

Asbjørn Moe, dagleg leiar i Fikse næringsutvikling, er blant søkjarane til stillinga som rådmann i Etne kommune.

Søkndadsfristen gjekk ut 10. august, men først i dag tysdag fekk Grannar tilgang til den offentlege søkjerlista.

Blant søkjarane til stillinga som Elling Hetland no har slutta i, er fleire kjende lokale namn. Blant dei dagleg leier Asbjørn Moe i Fikse Etne og Vindafjord næringsutvikling. Kommunalsjef Hilde Aarthun Haraldseide, som skal vere konstituert rådmann fram til ein har funne fram til den som skal ha stillinga, er ei av dei han skal konkurrere med om jobben.

Ordførar Sigve Sørheim seier til Grannar at han gjerne hadde sett enda fleire kvalifiserte søkjarar.

— Sjølv om eg sjølsagt vil avvente intervjurundane, trur eg vi vil finne ein god rådmann for Etne blant søkjarane, seier han.

Sørheim trur det i beste fall vil kunne gjerast vedtak om tilsetting noverande kommunestyreperiode, og at ein har ein rådmann på plass før jul.

— Men det kan også dra ut mot neste vår, seier han.

Her er søkjerlista:

Asbjørn Moe, født 1976, næringsutviklar, Etne

Pål Nygård, født 1975, Strategi- og utviklingssjef og daglig leder, Haugesund

Hilde Aarthun Haraldseide, kommunalsef, Etne

Trond Salmo, født 1972, økonomisjef, Fitjar

Lars Gunnar Marken, født 1982, lektor, Rørvik

Han Erik Lundberg, født 1965, eigedomssjef, Stavanger

Bjørn Humblén, født 1957, financial- og HR manager, Isdalsto

Trygve Sævareid, hjelpearbeidar (borerigg).