Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes overrekte KS sin medalje og diplom til tidlegare Ølen-politikar Terje Hermansen for lang teneste i politikken. Foto: Hogne Haktorsen
Fylkesvaraordførar Mona Hellesnes overrekte KS sin medalje og diplom til tidlegare Ølen-politikar Terje Hermansen for lang teneste i politikken. Foto: Hogne Haktorsen

Heider til Ap-veteran

Innsatsen han har lagt bak seg, er både i kommune- og fylkespolitikken.

— Det er ei stor glede å kunne overrekkje deg KS sin medalje med diplom, sa fylkesvaraordførar Mona Hellesnes i Hordaland under overrekkinga.

Hermansen har 24 år bak seg i politikken i Hordaland som medlem av Arbeidarpartiet. Han har hatt plass i kommunestyra i Ølen og Os, pluss mange år i fylkespolitikken i Hordaland. Utmerkinga frå Kommunenes sentralforbund blir gitt til dei som har utført ein fortenestefull og samfunnsgangleg innsats av stor betydning for kommunar og fylkeskommunar.

 

Samanhengande i 24 år

Karrieren til Ap-veteranen starta i 1987 då han vart vald inn i kommunestyret i tidlegare Ølen kommune, og der var han med i fire periodar. Mestedelen av tida var han også i formannskapet, og to gonger var han varaordførar.

I november 2001 flytte han til Os, berre månader før Ølen skifte fylke til Rogaland. I Os vart han vald inn i kommunestyret i 2003.

Han kom inn i Hordland fylkesting i 1999, og frå 2003 til 2011 var han leiar for kontrollutvalet i Hordaland.

Hermansen har dermed deltatt i kommune- og fylkespolitikk i ein kontinuerleg periode frå 19987 til 2011.

Frå tida i Ølen-politikken vil mange hugse han som den mest markerte motstandaren av at Ølen skulle melde overgang til Rogaland.