Sjekk lokale målingar

I torsdagerns avis denne veka kan du sjå resultatet av Grannar si ferske meiningsmåling for Etne kommune, laga av Norfakta Markedsanalyse AS. Den viser bant anna at det blir ein jamn kamp mellom Ap og Sp. I nummeret før blei eit tilsvarande politisk barometer for Vindafjord presentert. Her forsvarte Sp sin posisjon som det klart største partiet i kommunen. Norfakta har også laga ei lokal meiningsmåling om kommuereforma som viser at veljarane i Vindafjord og Etne er i endring i synet på framtidas kommunegrenser. Planen er å presentera denne torsdag i neste veke.

På grannar.no kan du fram mot valet ta NRK sin valgomat med lokale påstander for Etne og VIndafjord, og finna ut kva parti du står nærast.