Ingvar Gjærde held fram som lensmann i Etne og Vindafjord.  
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ingvar Gjærde held fram som lensmann i Etne og Vindafjord. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

SISTE kl. 17:56: Evakuering opphøyrer

Faren over etter to rundar med evakuering i dag.

SISTE: Evakueringa opphøyrer. Tømming av gasstanken pågår enno, men ein har kontroll på situasjonen, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt på Twitter klokken 17.56.

Det du leser herfra er frå dekninga av saken tidlegare i dag:

— Det tar om lag fem timar å tømme gasstanken, sa lensmann Ingvar Gjærde til Grannar ved 14.30-tida.

Det betyr at ein må rekne med at et område med ein radius på 400 meter frå NCC sin asfaltfabrikk er avsperra i alle fall fram til klokka 19.30 i kveld.

Etne kommune tar i mot dei som treng husvære ved Rygg barnehage. Ifølgje fungerande ordførar vil kommunen også ordne overnatting om situasjonen blir uforandra gjennom natta.

Kommunen har oppretta eit eiget telefonnummer til dei som treng informasjon. Nummeret er 53 75 80 24.

Les også:

— Vart ikkje informert om den første lekkasjen

Gassalarmen gjekk for andre gong