Det er sett i gang full beredskap etter ulykka på E134 i Åkrafjordtunnelen. Her frå Kyrping.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er sett i gang full beredskap etter ulykka på E134 i Åkrafjordtunnelen. Her frå Kyrping. Foto: Grethe Hopland Ravn

To alvorleg skadde

To personar er skadde. Åkrafjordtunnelen opna tre og ein halv time etter front mot front-kollisjon.

Torsdag kveld:

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt  opplyser at ulykka skjedde i forbindelse med forbikjøring, og at austgåande kjøretøy kolliderte front mot front med vestgåande kjøretøy. Politiet ynskjer ikkje å gå ut med ytterlegare detaljar om kollisjonen på dette tidspunktet.

Begge dei to skadde er sendt med ambulansehelikopter til sjukehus i høvesvis Bergen og Stavanger.  Helse Stavanger opplyser at pasienten, mann født i 1978, er alvorleg skada og at tilstanden stabil. Den andre sjåføren, ein mann i midten av 70-åra, er frakta til Haukeland.

Politibetjent Øyvind Dybing ved ulykkesstaden opplyser til Grannar sin repportar at Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er komen for å gjera sine undersøkingar.

Dei skadde blir karakterisert som alvorleg skadde.

Tidlegare status

To personar er involvert i kollisjonen. Begge er skadde og blir tatt hand om av helsepersonell. Skadeomfang er ukjend, melder politiet.

Frå vestre ende av den ca. sju kilometer lange Åkrafjordtunnelen. Foto Grethe Hopland Ravn

Frå vestre ende av den ca. sju kilometer lange Åkrafjordtunnelen.
Foto Grethe Hopland Ravn

To køyretøy har kollidert front mot front i Åkrafjordtunnelen på E134. Tunnelen er stengd.

— Det skal ha skjedd omtrent midt i tunnelen, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.

Naudetatene er på veg til ulykke, og det blir sendt mannskap inn frå begge sider av tunnelen.

— Er det brann på staden?

— Ikkje etter det me ha fått opplyst, seier Friberg.