Sjåføren som var i slutten av 20-årsalderen, omkom då betongbilen for ut av vegen ved Skipavåg.
Foto: Tomas FInnvik
Sjåføren som var i slutten av 20-årsalderen, omkom då betongbilen for ut av vegen ved Skipavåg. Foto: Tomas FInnvik

Sjåføren omkom på staden

Sjåføren blei funnen utafor bilen, men livet stod ikkje til å redda.

Det var ein bil frå Ølen Betong AS i Ølensvåg som rundt kl 22.30 onsdag kveld hamna utfor rv. 46 i Skipavåg i Vindafjord. Personar som kom til, sette i gang livreddande tiltak, men livet stod ikkje til å redda.

Sjåføren, ein mann i slutten av 20-årsalderen, utanlandsk statsborgar og busett i Vindafjord, døydde på staden, opplyser lensman Ingvar Gjærde til Grannar.

Både ambulansebil og luftambulanse blei tilkalla då meldinga om utforkøyringa kom. Det er usikkert om sjåføren blei kasta ut eller greidde å ta seg ut av vraket sjølv. Bilen er totaltsmadra etter utforkøyringa.

Det var ingen vitne til sjølve utforkøyringa, men spora fortel at betongbilen som var på veg sørover til Sandfjord bru-anlegget, køyrte av fylkesvegen i ein venstresving, over autovernet og fall fleire meter rett ned på vegen ned til Skipavåg og stansa i ein granskog på nedsida av gamlevegen.

Statens vegvesen si ulykkesgruppe blei kalla ut og var på staden i natt. Lensmannen opplyser at den vil undersøka både vegen på staden og bilen for å prøva å finna ei årsak til ulykka. Den omkome vil rutinemessig bli sendt til obduksjon.

Ulykkesbilen som var fulllasta med betong, og blei liggjande på ulykkesstaden til natt til fredag då bilberging blei gjennomført.

Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at det vil ta fleire veker å etterforska dødsulykka. Rapport frå obduksjon er venta måndag, og så vil det ta noko lengre tid før ulykkesgruppa til Statens vegvesen har klar sin rapport etter å ha granska både veg og ylukkesbil.