Rådmann Pål Nygård og hans stab fekk ros av formannskapet for økonomistyringa.
Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Rådmann Pål Nygård og hans stab fekk ros av formannskapet for økonomistyringa. Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen

Har funne ny rådmann

Pål Nygård (39) blir etter alt å dømme ny rådmann i Etne.

Pål Nygård er i dag strategi- og utviklingssjef ved revmatismesjukehuset i Haugesund. Han har også erfaring frå kommunal sektor, mellom anna ein lengre periode som næringsrådgivar i Karmøy kommune.

Nygård er busett i Haugesund, er gift og har to barn. Han er opprinnelig fra Kapp i Østre Toten, men har vore busett i Haugesund sidan 2002.

Ifølgje ordførar Sigve Sørheim var Nygård førstevalet blant dei sju søkjarane til stillinga.

— Han har ein god utdanning og relevant bakgrunn. I intervjurunden viste han også god innsikt i dei utfordringane Etne kommune står overfor, seier Sørheim.

Det er allereie tatt grep i forhold til ein krevjande kommuneøkonomi, og eg håpar å få ta del i den vidare prosessen.

Formelt er det kommunestyret 29. september som tilset rådmann.

— Me ønskjer å ha han på plass så snart som mogleg, derfor kan det hende det blir ekstraordinært kommunestyre noko tidlegare som tilsett rådmann, seier Sørheim.

Formannskapet gir sitt råd til kommunestyret 8. september.

— Etne er ein kommune som er drifta bra. Det er allereie tatt grep i forhold til ein krevjande kommuneøkonomi, og eg håpar å få ta del i den vidare prosessen. Av omsyn til den vidare politiske prosessen kring tilsettinga ønskjer eg ikkje å kommentere meir rundt tilsettinga no, seier han til Grannar.