Siri Klokkerstuen (Ap) meiner tida er inne for å innføra eigedomsskatt. Skatten kan blant anna sikra eit godt omsorgstilbod i heile kommunen, meiner varaordføraren. Foto: Anci C. Tinde
Siri Klokkerstuen (Ap) blir Etnes nye ordførar som del av eit historisk samarbeid med KrF og Frp. Arkivfoto

Siri Klokkerstuen Etne-ordførar

I Etne kommune er det klart for eit historisk samarbeid mellom tre parti som fører til at Siri Klokkerstuen frå Ap bli ny ordførar.

Seint onsdag kveld sendte Ap, Frp og KrF ut ei pressemelding om at ein avtale er inngått mellom dei tre partia.

— Me har samla oss om ei politisk plattform som skal skapa ei positiv utvikling for alle i Etne kommune, heiter det i den korte pressemeldinga.

Det går vidare fram at Siri Klokkerstuen blir ordførar og Ingmund Berge frå KrF varaordførar.

Frp får leiarvervet i komité forvaltning ved Audun Namtvedt, medan Sarah Marie Ness Haaland, Ap blir leiar i komité drift.

Siri Klokkerstuen blir den første kvinnelege ordføraren i Etne kommune, og avtalen er også historisk ved at det er første gong Ap får det politiske toppvervet i kommunen.

Samarbeidet mellom dei tre betyr at Sp, som blei valets vinnar med flest mandat i det nye kommunestyret, blir ståande utan tunge verv dei neste fire åra. Partiet har hatt ordføraren, Sigve Sørheim dei siste åtte åra. Klokkerstuen har vore varaordførar i siste periode.

Grannar kjem attende med meir om saka.

Red. merknad: Torsdagens avis gjekk i trykken før den politiske avtalen var inngått!