Kulturminister Thorhild Widvey ( H ) til Skjold og Vikebygd på idrettsfest. Foto: Foto: Ilja C. Hende

Opnar to idrettsanlegg

Kulturminister Thorhild Widvey ( H ) kastar glans over to nye idrettsanlegg i distriktet.

Laurdag 31. oktober blir det festivitas i både Skjold og Vikebygd. I dei to nabobygdene i Vindafjord har den siste tida vore jobba på spreng for å få nye idrettsanlegg på ferdig i haust, der store deler av innsatsen er gjort på dugnad. Som Grannar fortalde i torsdagens avis, var det ikkje heilt avgjort når og korleis opninga av nye Skjold stadion, der det er rulla ut krøllgras og laga andre mindre anlegg.

Dag Hinrichsen (t.v.), Jan Bauge, Ståle Jamne, Aud Nordtveit og Kåre Haugen i Skjoldar jobba dugnad på det nye anlegget då Grannar var innom måndag.  FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Dag Hinrichsen (t.v.), Jan Bauge, Ståle Jamne, Aud Nordtveit og Kåre Haugen i Skjoldar jobba dugnad på det nye anlegget då Grannar var innom måndag.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Også i nabobygda Vikebygd er det bygt nytt for å ta vare på breiddeidretten. Her står ein mindre hall med kunstgras nå ferdig og klar til bruk.

Idrettslaga i dei to bygdene har samarbeid om offisielle opningar og torsdag ettermiddag kom gladmeldinga om at kulturminister Thorhild Widvey kjem til både Vikebygd og Skjold den siste laurdagen i oktober for å stå for opningane. Det stadfester Kåre Haugen i Skjoldar overfor Grannar.

Widvey som er frå Karmøy, har sterke relasjonar til Vindafjord. Det er ikkje meir enn vel eitt år sidan statsråden var på Olalia då den nye fjellstova stod ferdig og skulle opnast.

Grannar kjem attende med meir om kva som står på programmet under opningsfestane i Vikebygd og Skjold.