Sjåfør til sjukehus

Kollisjon aust for Etne.

Politiet fekk tidleg tysdag morgon melding om ein kollisjon mellom eit vogntog og ein varebil på E134 ved Håfoss i Etne. Sjåføren av den miste bilen er sendt til Haugesund sjukehus med lettare skade, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Det var også ein del materielle skade på køyretøya.