Ove Straumsøy har nettopp sett inn 2-0, og jublar medan Ølen-spelarane må bita i graset. Foto: Magne Skålnes
Ove Straumsøy har nettopp sett inn 2-0, og jublar medan Ølen-spelarane må bita i graset. Foto: Magne Skålnes

Skånevik-siger mot Ølen

Det var stor jubel i Skånevik-leiren etter å ha slege topplaget og naborival Ølen. Heimelaget leia heile 3-0 ved pause etter to mål av Ove Straumsøy og eitt av Arve Ribesen Straumsøy.

Ølen hadde ballen og initiativet stort sett heile omgangen, medan Skånevik og Straumsøy-gutane var giftige føre mål. 2. omgang var det stort sett spel mot eitt mål, og Ølen køyrde på for redusering. Mot slutten røynde det på for Skånevik, og Ølen netta tre gonger mellom det 77. og 84. minuttet ved Magne Christiansen, Stian Haugland og Roger Vaka.

Medan alle venta eit vinnarmål frå Ølen si side, var det i staden Skånevik som slo tilbake på overtid. Ei felling inne i feltet, og Ove Straumsøy kunne sette inn straffesparket til 4-3, og siger til dei raud-gule. Skånevik ligg no brukbart an til å greie fornya kontrakt i divisjonen, medan Ølen no har ei vanskeleg oppgåve føre seg for å nå opprykksplass.

Les meir i måndagens avis.