Etne vann igjen

Etne IL slo Nord 3-1 på heimebane fredag kveld. Ein fin revansje etter 2-4 tapet mot Nord på bortebane i vårsesongen.

Etne IL imponerte ikkje i vår, men i haust har det lausna for laget. Denne sigeren var den femte på dei siste seks kampane.

To rundar før slutt ligg laget på ein femteplass i 5. divisjon, men har ikkje moglegheit til å blande seg inn i striden om seriemeisterskapen som Stegaberg og Sauda knivar om.