73-15 Kstyre-1

Melde seg ut av Etne Sp

Kommunestyrerepresentant Knut Erik Ebne har tysdag meld seg ut av Etne Senterparti. Bomba slapp han i det konstituerande kommunestyremøtet.

Det var få minuttar inn i det konstituerande kommunestyremøtet i Etne tysdag ettermiddag at Knut Erik Ebne slapp den politiske bomba.

Ebne, som er røysta inn i si fjerde strake periode, tok ordet i samband med at partia presenterte sine forslag under valet av nytt formannskap. Etter at alle parti hadde levert sine forslag gjekk han fram til talarstolen og sa:

— Eg vil underrette kommunestyret om at eg i dag har tatt den tunge avgjersla om å melde meg ut av Senterpartiet. Eg leverer derfor eit forslag til formannskapet med blank liste, sa han.

I ei pause sa den rutinerte Sp-politikaren frå Skånevikstrand til Grannar at han har meldt seg ut fordi han ikkje var nøgd med å ikkje få andreplassen og mogleg plass i formannskapet.

— Dette er mi fjerde periode og eg har veljarane i ryggen. Kjønnsmessig passa det og geografisk passa det. Eg meiner derfor det var rett at eg sto på andreplass, men partiet meiner tydeligvis at Sjur Aakra er betre skikka enn meg og flytta med derfor, seier Ebne.

Lokallaget tok valet om å flytte Ebne ned på tredjeplass under eit medlemsmøte måndag kveld.

— Det hadde vore ryddigare om ein gjorde dette på nominasjonsmøtet, seier Ebne.

— Kva betyr dette i forhold til veljarane som har røysta på deg?

— Det er ikkje så dramatisk. Senterpartiet har et program med fleire gode punkter. Det er for tidlig å forskotere noko, men eg reknar med å stemme med Sp i mange av sakene i kommunestyret, seier han.