Flest ledige i Rogaland

Rogaland har størst arbeidsløyse i heile landet og står ved inngangen til desember med står 10.534 personar heilt utan arbeid. Talet utgjer 4,1 prosent av arbeidsstyrken. I landet totalt er 2,9 prosent av arbeidsstyrken nå utan jobb. Samanlikna med november 2014 har arbeidsløysa i Rogaland auka med 81 prosent. Summen av dei som står heilt utan arbeid og dei som er i arbeidsretta tiltak gjennom NAV utgjer bruttoarbeidsløysa. Rogaland har ei bruttoarbeidsløyse på 4,6 prosent i november. 1.360 personar er ved utgangen av november i eit arbeidsretta tiltak.

Arbeidsløysa aukar i alle aldrar og i alle yrkesgrupper, med unntak av yrkesgruppa undervisning. I Rogaland er det flest arbeidslause i typiske mannsdominerte yrke. 6.992 menn og 3.542 kvinner står heilt utan arbeid. Industri, ingeniør- og ikt og bygg- og anlegg er dei yrkesgruppene der arbeidsløysa stig mest og der det er flest utan jobb. Flest arbeidssøkjarar finn me i aldersgruppa mellom 30 og 39 år. Arbeidsløysa er høgast blant unge mellom 20 og 30 år, opplyser Rogaland NAV.

— Mange av dei som mistar jobben no har høg kompetanse og er attraktive på arbeidsmarknaden både i Noreg og i utlandet. Noko av det viktigaste me kan gjere for dei som no søkjer nytt arbeid, er å synleggjera kor det er mogleg å finna jobb, samt kopla saman arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar. Situasjonen i arbeidsmarknaden gjer det nødvendig med ein stramare praksis knytta til kravet om mobilitet. Arbeidssøkjarar må i større grad vera budde på å ta dei ledige jobbane som er – der jobbane finst, seier fylkesdirektør Truls Nordahl.

Tidlegare har indre Haugalandet vore skjerma for den markante auken i arbeidsløysa. Vindafjord kommune er nå registrert med 115 ledige som utgjer 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på 22 ledige den siste månaden og 55 fleire enn for to månader sidan, men åtte færre enn for eitt år sidan.

I Hordaland har Etne kommune registrert 42 personar utan arbeid ved inngangen til julemånaden. Det tilsvarer 2,0 prosent arbeidsløyse. Det er på same nivå som månaden før og for eitt år sidan.