Gåvedryss på sponsortreff

Haugesund Sparebank delte ut 100.000 kroner til ni ulike lag og foreiningar under sitt årlige sponsortreff. Med eit sponsorbudsjett på over ti millionar kroner i året er Haugesund Sparebank den største økonomiske bidragsytaren til lag og foreiningar på Haugalandet. Kvart år samlar banken dei mange som mottar støtte til eit sponsortreff. Årets sponsortreff fann sted den 25. november i bankens kantine og samla over hundre representantar frå ulike lag og foreiningar. Banken fordeler sine sponsormidlar til både idrett, kultur og ideelle organisasjonar, og har har avtalar med rundt 130 ulike lag og foreiningar. I løpet av kvelden mottok følgjande lag pengar frå Haugesund Sparebank. Haugesund Turnforening (20.000 kroner), Stegaberg Idrettslag (10.000), Skjoldar IL (10.000), Munor (10.000), Røde Kors (10.000 r), Norsk Folkehjelp (10.000), Vard (10.000), Haugar (10.000) og Boals Forumteater for ungdom/Brosteinsteateret (10.000).