Vakker soloppgang, men også eit teikn på at det blir mykje nedbør dei neste dagane.
Foto: Privat
Vakker soloppgang, men også eit teikn på at det blir mykje nedbør dei neste dagane. Foto: Privat

Nå blir det vått

Raud soloppgang tyder mykje regn.

Ein lesar som har tatt dette bildet frå Etne torsdag morgon, fryktar regnfulle dagar. Den raude soloppgangen er eit varsel om at mykje nedbør i vente.

Vêrteiknet er i tråd med Meteorologisk institutt sine varslingar. Yr.no har sendt ut OBS-varsel for Rogaland: Frå torsdag ettermiddag, til og med fredag kveld er det venta mykje nedbør enkelte stader. Det kan lokalt koma 50-150 millimeter regn i løpet av 36 timar. Mest nedbør vil etter alle solemerke koma i indre strok i nord.

Yr.no sinn prognose for Rullestad aust i Etne kommune viser opptil 84 millimeter nedbør i løpet av fredag, medan det på målestasjonen i Vats er venta «berre» 38,6 millimeter same dag.