Politiet måtte helt i grøfta for å unngå å kollidere med bilen som 88-åringen køyrde.
ARKIVFOTO

Utan spor etter seks innbrot

Tre verksemder, ein einebustad og to fritidsbustadar i Ølen sentrum har hatt tjuvar på besøk. Politiet håpar på hjelp frå publikum.

— Me står rett og slett på bar bakke, seier operasjonsleiar Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Han ber publikum som kan ha observert noko mistenkeleg i Sjoargata i Ølen sentrum, om å ta kontakt med politiet.

Det er snakk om innbrot hos tre verksemder, samt i ein einebustad og to fritidsbustadar. Dei første meldingane fekk politiet onsdag morgon. Her skal det i første rekkje ha forsvunne kontantar, medan anna verdifullt ustyr har fått stå i fred. Torsdag føremiddag melde eigaren av einebustaden om innbrot. Her er det merkeklede og nokre klokker som skal vere tatt.

Torsdag kveld kom det så melding frå eigarar av to fritidsbustadar om at det hadde vore tjuvar på ferde.

— Er det snakk om éin elle fleire gjerningspersonar?

— Me trudde første det var snakk om éin, men me kan ikkje sjå vekk i frå at det kan ha vore fleire, seier Austrheim.

— Har dei kome til fots eller hatt med seg køyretøy?

— Dei vet me rett og slett ikkje, sa Austrheim til Grannar fredag.