Ivar Åserud, Henry Håvardsen, Jørn Apeland og Magne Gunnar Nerheim varslar at brannmanskapet i Vindafjord  takkar for seg dersom ikkje det blir gjort meir for beredskap og tryggleik. Foto: Jon Edvardsen

Varslar at alle sluttar

— Det handlar om tryggleik for innbyggjarane og mannskap i brannvesenet. Det vil vi ikkje fire på og vi må få det innfridd. Vi står overfor oppgåver vi ikkje blir sett i stand til å løyse, og det går på HMS-standard for brannmannskapet. Difor varslar vi oppseiing av stillingane våre dersom det ikkje blir gjort noko, seier Ivar Åserud, tillitsvald ved brannstasjonen i Skjold.

Jørn Apeland og Magne Gunnar Nerheim, tillitsvald i Sandeid og Ølen, samt stasjonsmeister Henry Håvardsen i Skjold understrekar at Vindafjord kommune kan stå utan brannberedskap frå mars neste år sidan brannmannskapet har tre månaders oppseiingstid.

Les meir i måndagsutgåva.