Helsepersonell blir vist veg til ulykkesstaden inne på Westcon sitt anlegg i Ølensvåg. 
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Helsepersonell blir vist veg til ulykkesstaden inne på Westcon sitt anlegg i Ølensvåg. FOTO: TORSTEIN NYMOENBilde 1 av 4
Også brannvesenet rykte ut til ulykka ved Westcon.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
IllustrasjonsfotoBilde 2 av 4
Her blir dykkaren køyrd vekk fra Westcon til luftambulansen som venta i Skjold. 
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Her blir dykkaren køyrd vekk fra Westcon til luftambulansen som venta i Skjold. FOTO: TORSTEIN NYMOENBilde 3 av 4
Det var i samband med reinhald av eit røyr på riggen «Henry Goodrich» som ligg til venstre her, ved sida av «Safe Scandinavia» og «Borgland Dolphin», at ulykka skjedde.
Det var i samband med reinhald av eit røyr på riggen «Henry Goodrich» som ligg til venstre her, ved sida av «Safe Scandinavia» og «Borgland Dolphin», at ulykka skjedde.Bilde 4 av 4

Dykkar kritisk skadd

Ein 22 år gammal dykkar er kritisk skadd etter at han vart sittande fast under havoverflata i samband med dykkararbeid på ein rigg ved Westcon i Ølensvåg onsdag.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 08.12. Både helsepersonell, brannvesen og politi rykte straks ut. Brannvesenet sitt spesialtrena dykkarpersonell frå Haugesund og luftambulanse vart òg rekvirert.

Måtte lande i Skjold

Ambulanse var på staden knappe ti minuttar etter at meldinga kom. Nokon minutt seinare kom også brannvesen og politi til staden.

Helikopteret måtte lande i Skjold grunna dårlege flygeforhold

Klokka var 09.06 då politiet twitra at mannen var på land og vart behandla av helsepersonell. Om lag ein halv time seinare vart mannen frakta vekk i ambulanse.

Han vart då køyrd til luftambulansen som måtte lande i Skjold. Derifrå vart han frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Sjukehuset skriv i ei pressemelding onsdag formiddag at den 22 år gamle mannen er kritisk skadd.

— Helikopteret måtte lande i Skjold grunna dårlege flygeforhold i tåka i Ølensvåg, fortel politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor til Grannar.

Reinhald av røyr

Den unge dykkaren er busett i Haugesund. Han er ikkje tilsett i nokon av Westcon Group sine verksemder.

— Det er snakk om leigd personell, seier Austrheim.

Dykkaren skal ha utført arbeid i samband med reinhald av eit røyr på riggen «Henry Goodrich». På eit eller anna vis har han hekta seg fast i noko og fått problem med å puste.

Det var kolleger av mannen som oppdaga at noko var gale. Dei klarte å få han opp på land og starta hjerte- og lungeredning før helsepersonell kom til staden og overtok.

Mannen var medvitslaus både då han vart tatt opp på land og då han vart frakta vidare til luftambulansen.

Kriminalteknisk bistand

Politiet held på med etterforsking og har mellom anna bedt om kriminalteknisk bistand.

— Det er rutinemessig, seier Austrheim.

Det har ikkje lykkast Grannar å få administrerande direktør Øystein Matre i Westcon Yards i tale. I ei tekstmelding vis han til ei pressemelding laga av PR-byrået First House.

– Dette er ei alvorlig hending og me bistår no politiet og Arbeidstilsynet i å få klarheit i kva som har skjedd, seier han i meldinga.

I meldinga kjem det òg fram at arbeidet på riggen er stansa inntil vidare.