VM neste: Sundagens flotte prestasjon kan tyda på at Chris Jespersen fann VM-forma i tide. Skåneviksbuen har fått klarsignal til onsdagens 15-kilometer. Foto: Svein Halvor Moe
Chris Jespersen er tatt ut til verdscupen komande helg. Arkivfoto: Svein Halvor Moe

Tatt ut til verdscupen i Novo Mesto

Chris Jespersen er kvitt sjukdomsproblema og er klar for helgas verdscuprenn i tsjekkiske Nove Mesto.

Landslagsløparen frå Skånevik har langt frå hatt ein optimal sesong, og sjukdomsproblema starta alt under oppkøyringa i fjor. Sist han deltok i verdscupen var i Davos før jul der han greidde ein oppløftande åttandeplass, men så måtte han melda pass for nye internasjonale renn.

Sidan den gong har Jespersen ikkje representert landslaget og som kjent blei Tour de Ski avvikla utan skåneviksbuen nå startstreken. Då forkjølelsen kom i desember innsåg han at han måtte ta det med ro, men hadde eit mål om å bli med landslaget då renna i Nove Mesto stod for tur.

Nå er 32-åringen i den sterke norske troppen og klar for testa forma mot resten av verdseliten. I Nove Mesto står 15 km fristil på programmet komande laurdag. Sundag er det 4 x 7,5 km stafett.

Den norske troppen til verdscupen i Nove Mesto 23. til 24. januar:

Kvinner

Astrid Uhrenholdt Jacobsen, IL Heming

Therese Johaug, IL Nansen

Ingvild Flugstad Østberg, Gjøvik Skiklubb

Kari Øyre Slind, Oppdal IL

Ragnhild Haga, Åsen IL

Heidi Weng, IL i BUL

Maria Strøm Nakstad, Byaasen Skiklub

Menn

Mathias Rundgreen, Byåsen Skiklub

Chris Andre Jespersen, IL Korlevoll-Odda

Martin Løwstrøm Nyenget, Lillehammer Skiklub

Simen Andreas Sveen, Ring IL

Hans Christer Holund, Lyn Ski

Sjur Røthe, Voss IL

Anders Gløersen, Rustad IL

Finn Hågen Krogh, Tverrelvdal IL

Petter Northug, Strindheim IL

Martin Johnsrud Sundby, Røa IL