Trafikken over Fikse gjekk i sakte tempo onsdag føremiddag. Foto: Grethe Hopland Ravn
Køyr varsamt i helga - vegane kan bli svært glatte, melder Statens vegvesen. Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn

Åtvarar mot spinnglatte vegar

Statens vegvesen gjekk fredag ut med vars
I til alle bilistar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

— Frå i dag og inn i helga venta regn som frys på bakken. Køyr forsiktig!
 Mange kuldegrader blir avløyst av regn og plussgrader. Det blir store lokale forskjellar i dei tre fylka. Trafikantar bør køyre forsiktig og hugse på at vegane kan vere svært glatte sjølv om det er plussgrader og regn i lufta.

Nedbøren frys

Vêrmeldinga syner omslag til mildvêr. Etter ein langvarig kuldeperiode kan dette bety vanskelege køyreforhold.

— Mykje kulde er lagra i bakken, som gjer at nedbøren frys når den når vegen, seier Tore Bergundhaugen på trafikksikkerheitsseksjonen i Statens vegvesen.

Det kan vera store lokale forskjellar, og det glatte føret kan vara heile helga.

— I sør og nærast kysten seier vêrvarsla sludd og regn, litt lengre innover i landet seier varsla snø som går over til sludd og regn etter kvart, seier Bergundhaugen.

Salt mindre effektivt

— Er det ikkje berre å salte?

— Når så mykje kulde er lagra i vegane, har salt mindre effekt. Kjem det ein del regn i tillegg blir saltet vaska vekk. Då kan vegane igjen fryse til, forklarer han.