«Nina» kostar det norske samfunnet fleire hundre millionar. 
Arkivfoto
Det er meldt kraftig vind i Sunnhordland på fredag. Her frå stormen «Nina» i Skånevik i 2015. Arkivfoto

Førebu deg før «Tor» slår til!

Er du godt nok førebudd på ekstremvêret? spør forsikringsselskapa før «Tor» hamrar laus på Vestlandskysten.

For vel eitt år sidan fekk Haugalandet og Sunnhordland eit ublidt besøk av stormen «Nina». Dei totale skadane skreiv seg til over ein halvmilliard kroner.

Nå er eit nytt ekstremvêr med liknande krefter på veg. Varsla tyder på det er områda lengre nordover på kysten som blir hardast ramma, men også Vindafjord og Etne vil merka naturkreftene.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-melding om uvêret for

Oppland og Hedmark, Buskerud, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag

Rogaland:

— Fredag ettermiddag er det venta sørvest full og kan henda sterk storm på kysten av Rogaland, med vindkast på 35-40 m/s inn over land. Vinden er venta å vera sterkast nord for Boknafjorden. Det blir høge bølgjer inn mot kysten. Signifikant bølgjehøgde er venta å bli 7-11 meter, høgst i nord.

Hordaland

— Fredag ettermiddag og kveld er det venta vest og sørvest sterk storm og kan hende orkan på kysten av Hordaland, med vindkast på 35-50 m/s inn over land. Det blir høye bølgjer inn mot kysten. Signifikant bølgjehøgde er venta å bli 11-13 meter.

Å begynna å redda materielle verdiar når stormen raser som verst, har me sett katastrofale tilfelle av tidlegare

— Sikra deg på førehand

Forsikringsselskapa ber folk sikra seg i god tid. Ved å vera godt førebudd kan mange skader unngåast, og særleg personskadar. Gjensidige oppfordrar folk til å sikra lause gjenstandar.

— Å begynna å redda materielle verdiar når stormen raser som verst, har me sett katastrofale tilfelle av tidlegare, seier informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Det finst eksempel på at folk både har blitt blåse ned frå tak eller bli treft av lause, flygande gjenstandar.

— Søppelkasser, takstein, greiner, trampolinar, hagemøblar, pipehattar og alt vinden kan røska laus, kan gjera stor skade og i verste fall skada folk, seier han.

Dette kan du gjera før uvêret kjem:

Sikra lause gjenstandar som utemøblar og trampolinar

Sjekk fortøyingar og på båtar og flytebrygger

Vurder å ta småbåtar opp på land, og å flytta gjenstandar lengre unna sjøen

Om du har båt i opplag, så sikra at den er støtta opp godt, og sjekk at presenningar er festa

Vurder å utsetja turar på sjøen eller i fjellet

Tenk på kor du parkerer bilen – bølgjer, tre og andre lause gjenstandar kan skade bilen

Hald deg oppdatert via yr.no og lokale medium

Medan uvêret pågår:

Vurder å halda deg innandørs – lause gjenstandar flyr med vinden og tre kan falla

Dersom du må ut og køyra, så køyr forsiktig

Etter uvêret:

Sjekk bygningar og eigedelar for skadar

Om det er skadar på tak, vindauga eller dører, prøv å tetta desse mellombels for å unngå vasskadar

Meld frå til forsikringsselskapet om skadar