Det var i samband med reinhald av eit røyr på riggen «Henry Goodrich» som ligg til venstre her, ved sida av «Safe Scandinavia» og «Borgland Dolphin», at ulykka skjedde.
Det var i samband med reinhald av eit røyr på riggen «Henry Goodrich» som ligg til venstre her, ved sida av «Safe Scandinavia» og «Borgland Dolphin», at ulykka skjedde.

Framleis kritisk for dykkaren

Arbeidstilsynet til Ølensvåg i dag

Den 22 år gamle dykkaren som sette seg fast under havoverflata under arbeid ved Westcon Yard sitt anlegg i Ølensvåg onsdag, er framleis kritisk skadd. Det opplyser Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding som vart oppdatert klokka 9 torsdag.

Les meir her: Dykkar kritisk skadd

Ifølgje politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor er det for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

— Politiet gjorde seg ferdige på åstaden onsdag, men det er mykje arbeid som gjenstår før me kan konkludere, seier han.

Torsdag er Arbeidstilsynet hos Westcon for gjere sine vurderingar etter hendinga.

Rutineoppdrag

Dykkaren er tilsett som ein av om lag 20 dykkarar i selskapet AD Offshore AS som har hovudkontor på Torvastad på Karmøy.

Selskapet er leigd inn av Westcon Yards til å utføre arbeid i samband med klassing og vedlikehald av riggen «Henry Goodrich». Dei har arbeidd i to veker på prosjektet.

Dagleg leiar Bjørn Schulz i AD Offshore AS seier til Grannar at jobben som dykkarteamet på seks skulle utføre var ein operasjon i samband med reinhald. Under arbeid har han kome i klem og fått problem med tilførsel av luft.

— Vi har gjort same jobb fleire gonger i dette prosjektet, så det er snakk om eit rutineoppdrag. Hendinga er eit reint uhell kor dykkaren har komme i klem, seier han.

Rosar innstsen

Schulz seier dei har eit godt bilete på kva som har skjedd, men ønskjer ikkje å gå i detaljer på dette i media.

Han seier at tok det 30 sekunder frå alarmen gjekk til hjelpedykkar var i sjøen for å hjelpe kollegaen.

— Alle gjorde ein kjempejobb. Samtidig som eg er lei meg på vegne av den skadde, er eg stolt av å jobbe i lag med slike flinke folk, seier han.

Schulz beskriver dykkarane i teamet som svært erfarne.

Samtidig som han er veldig lei seg for hendinga, skryt han av måten både Westcon og Transocean har handtert den på.

— Dei har vore ekstremt profesjonelle, seier han.