Ingen større skadar

Sterk vind, lyn og torden og straumbrot, men politiet har ikkje fått inn melding om større skadar i distriktet på grunn av ekstremvêret.

Indre Haugalandet slapp mildt unna ekstremvêret Tor som Meteorologisk institutt melde som avslutta rundt klokka seks laurdag morgon.

Då låg stormsenteret vest for Nordland og var venta å avta ytterlegare. Tor slo inn i Hordaland og ramma hardast i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. I alt 150.000 menneske var utan straum i dei tre fylka på det meste, ifølgje Norges vassdrags- og energidirektorat.

 Rekord på fyr

Sidan stormen drog seg oppover kysten frå sørvest, var det først og fremst kysten som fekk merke stormen og orkanen mest.

På Kråkenes fyr ved Stad var middelvinden 48,8 meter i sekundet, og så sterk vind er det ikkje målt der før. Det tilsvarar nesten 176 km/t.

Det er ein god del sterkare vind enn under ekstremvêret Dagmar i 2011. Under nyttårsorkanen i 1992 var det ikkje vindmåling på fyret, ifølgje yr.no