Nazareth kjem til Skånevik Bluesfestival 2016.
Pressefoto
Nazareth kjem til Skånevik Bluesfestival 2016. Pressefoto

Kjent og kjært namn til Bluesen

Det store 70-talsbandet Nazareth er booka til årets store musikkfestival i Skånevik-

Skånevik Bluesfestival slepper  fleire namn til det kommande 20-årsjubileet og blant dei finn ein det skotske rockebandet Nazareth på lista. Bandet som blei danna i Dunfermline i 1968 hadde sin glansperiode på 70-talet, men spelar framleis den dag i dag. 30. juni står dei på scenen i Skånevik og kan hende superhits som Love hurts og Hair of the dog er å finna på spelelista.

Fleire namn

Joe Rusi Trio melder også at dei kjem og er eit funky & soul bluesband med base i Flekkefjord. Trioen ble danna i 2009 og har sidan den gong halde det gåande med energiske konsertar i både inn- og i utland.

Den engelske jenteduoen Never the bride kjem også til festivalen og er nok det ein kan kalla for «power rock’n blu soul ladies». Dei to talentfulle låtskrivarane Nikki Lamborn frå Bristol og Cathrine Feeney frå Glasgow er saman dynamitt i ordets rette forstand. Nikki blir omtala som ein av tidenes beste kvinnelige rockevokalistar spunnen ut frå England og mektige Roger Daltrey meiner bestemt at ho har den beste rockestemma i bransjen sidan Janis Joplin.