Utan om mykje vatn og tendensar til litt flaum enkelte stader, var det relativt lite å merka til ekstremvêret «Tor» i distriktet. Her frå Vikedal rundt kl 15.00 der elva hadde ein del større vassføring enn normalt.
Foto: Arne Frøkedal
Utan om mykje vatn og tendensar til litt flaum enkelte stader, var det relativt lite å merka til ekstremvêret «Tor» i distriktet. Her frå Vikedal rundt kl 15.00 der elva hadde ein del større vassføring enn normalt. Foto: Arne Frøkedal

Slapp unna det verste

Det varsla ekstremvêret «Tor» let seg merka tidleg fredag ettermiddag, men var ikkje så kraftig lokalt som meteorologane hadde varsla.

Då Grannar var i kontakt med politiet utpå fredag ettermiddag, hadde dei lite å melda om skadar. Eit velta tre i Vikebygd var blant dei få sakene som var rapportert inn.

Mange i Grannar-distriktet, blant anna i Ølen og Etne mista straumen like etter kl 15.00 etter ein kraftig omgang med lyn og torden. I Etne sentrum var straumen attende etter ein liten time.

Ifylgje yr.no skal uvêret vera på topp rundt kl 17.00, og sjølv om var kraftig regn og vind, ein periode, har naturkreftene vore moderate så langt, og langt frå så ille som under «Nina» for eitt år sidan.