The Kilkennys frå Irland var publikumsfavoritt på Rootsen i 2014. Nå er folkrockbandet attende og spelar både fredag og laurdag.
Pressefoto
The Kilkennys frå Irland var publikumsfavoritt på Rootsen i 2014. Nå er folkrockbandet attende og spelar både fredag og laurdag. PressefotoBilde 1 av 4
Visesongar Daniel Kvammen debuterte som soloartist i fjor og blei nominert til tre spellemannsprisar.
Visesongar Daniel Kvammen debuterte som soloartist i fjor og blei nominert til tre spellemannsprisar.Bilde 2 av 4
Vise- og poartisten Tom Roger Aadland frå Vikebygd tl Rootsen tre år etter førre opptreden. Aadland er aktuell i desse dagar med premiere på ein musikkvideo av låten «Alle» som var ein del av  albumet han gav ut i fjor, der skodespelar Jørgen Langhelle har hovudrolla.
Vise- og poartisten Tom Roger Aadland frå Vikebygd tl Rootsen tre år etter førre opptreden. Aadland er aktuell i desse dagar med premiere på ein musikkvideo av låten «Alle» som var ein del av albumet han gav ut i fjor, der skodespelar Jørgen Langhelle har hovudrolla.Bilde 3 av 4
Klare for Vikedal: Henning Kvitnes og Claudia Scott er blant dei mange norske artistane i årets program.
Klare for Vikedal: Henning Kvitnes og Claudia Scott er blant dei mange norske artistane i årets program.Bilde 4 av 4

Byr på irsk musikk og norske artistar

Vikedal Roots Music Festival har irske The Kilkennys, samt Reidar Larsen og Henning Kvitnes & Claudia Scott som årets headliners. Festivalen kjem i ei meir intimutgåve dette året.

Det blir irsk stemning på rekkje og rad og fleire aktuelle norgesartister når årets Rottsfestival går av stabelen i midten av juli. Store økonomiske utfordringar gjer at arrangøren har tatt fleire grep på kostnadssida.

— Eg er godt tilfreds med dei artistane me har booka, og trur me skal få til ein god festival, og at me i år skal koma på plussida i rekneskapen, seier festivalsjef Jarle Nes.

Treng plusstal

Henning Kvitnes & Claudia Scott, The Kilkennys, Daniel Kvammen, Reidar Larsen, Tom Roger Aadland og Storm Weather Shanty Choir er blant dei 15 artistane i programmet. Utanom publikumsfavoritten frå 2014, Kilkennys er det norsk som går igjen, fleire av dei på veg opp og fram, og innan sjangeren irsk, folkrock, vise og blues.

Fjorårets festival enda med eit kraftig underskot, mykje på grunn av dårleg vêr og dermed svakt billettsal. Totalt var det i underkant av 3.000 publikummarar, mot mellom 7.000 og 8.000 som det normale. Arrangøren har tatt kosekvensen av den vanskelege situasjonen og har halvert budsjettet og vel så det.

 lukkast me ikkje dette året, er ikkje festivalen liv laga

— Me har ikkje kunne henta inn store internasjonale namn, men synest me likevel har fått til eit godt program utifrå det budsjettet me har disponibelt. Me treng mellom 2.000 og 3.000 betalande for å gå i pluss, og det har eg stor tru på at me skal klara. Dersom me ikkje lukkast dette året, er ikkje denne festivalen liv laga, seier Jarle Nes som er glad for at programmet er i boks og dei kan starta marknadsføringa alt nå.

Til småbåthamna

Festivalen har i år gjort store grep for å kutta kostnader og legg opp til ein litt mindre festival. Dette inneber blant anna at dei går vekk frå det store sirkusteltet på grusbanen og samlar festivalen i det store teltet ved båthamna som har kapasitet til eit par tusen personar. Sirkusteltet er utrangert etter mange års teneste, og ikkje eigna for bruk lenger.

— Denne endringa treng ikkje vera negativ. Å flytta arrangementet til båthamna gir større intimitet og ei flott ramme der publikum kan kosa seg med bord både ute og inne, seier Nes som håpar både gamle og nye publikummar tar turen til Vikedal under festivalen.

Festivalen blir også redusert i omfanget av kyrkjekonsertar. Denne gongen blir det éin av dette slaget, og for mange blir det eit spennande møte med den kjente stavangerforfattaren Tore Renberg som i desse dagar debuterer på plate som vise/popartist.

Talentkveld

Nytt av året blir open scene torsdag kveld. Arrangøren stiller med lys, lyd og utstyr som trengst og utfordrar lokale talent til å visa seg fram.

Nytt er også at festivalen vil opna dørene kl. 15 og halda det gåande med konsertar fram til natt.

Fakta/årets Rootsprogram

Torsdag 14. juli:

Lokale talent

Fredag 15. juli, dag:

The Kilkennys (IRE)

Hear me Roar (NO)

Kearney’s Dogs (NO)

Plastic Paddies (NO)

Kveld:

Henning Kvitnes & Claudia Scott (NO)

MK´s Marvellous Medicine (NO)

Storm Weather Shanty Choir (NO)

Laurdag 16. Juli, dag:

Dag:
 Elisabeth Kristensen (NO)

Tom Roger Aadland (NO)

Paddies (NO)

Nations of the Soul (NO)

Plastic Paddies (NO)

Vikedal Kyrkje:
 Tore Renberg (NO)

Kveld:

Reidar Larsen m/band (NO)

Daniel Kvammen (NO)

The Kilkennys (IRE)