Til næringslivkonferanse på Olalia. Elin Ørjasæter har meining om det meste.
Foto: Christine Heim
Til næringslivkonferanse på Olalia. Elin Ørjasæter har meining om det meste. Foto: Christine Heim

Skal trekkja folk til fjells

Forfattar, føredragshaldar og mediekommentator Elin Ørjasæter skal trekkja det lokale næringslivet til fjells.

NæringsGIV 2016 er lagt til fredag 28. april, og som i fjor går konferansen på Olalia Fjellstove, rundt éin times gange frå parkeringsplassen på Opheim. Heile programmet er ikkje klart, men Asbjørn Moe i Fikse, Etne og Vindafjord Næringsutvikling stadfester at Ørjasæter har takka ja til invitasjonen.

— I fjor var første gong me hadde denne konferansen, og det overraska oss at me greidde å samla hundre personar, som også var taket me sette. Me har nå opna for påmelding, og det er først til mølla som gjeld, seier Moe som håper på like god deltaking i fjellheimen dette året.

Konferansen er første og fremst retta mot næringslivet i Vindafjord og Etne. I tillegg til føredrag, blir det prisdryss, sosialt samvære og friluftsliv, og mogleg til å overnatta på den moderne hytta til Haugesund Turistforening.

Tøffe tider

«Moglegheiter i motvind» er årets tema og tar utgangspunkt i dei tøffe tidene deler av næringslivet opplever for tida, spesielt på Vestlandet.

— Me på indre Haugalandet lever ikkje i ei eiga boble, og enkelte bransjar her opplever alt utfordringar. Konferansen vil difor fokusera på kva muligheiter slike tider gir. Blant anna vil me ha ein case som går på omstilling med utgangspunkt i Lyse som har utvikla fokuset frå kraft til ny teknologi. Dette innslaget blir ved Eirik Gundegjerde som er konserndirektør innan forretningsutvikling i Lyse, seier Asbjørn Moe.

Det er ikkje heilt avklart kva som blir tema i Elin Ørjasæter sitt føredrag. Ho er ein kjent næringslivkommentator som er mykje brukt på tv, kjent som fast spaltist i Aftenposten og bloggar i Nettavisen.