Ingen kom til skade då ein bil havna utafor vegen ved på E134 ved Fikse måndag.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Ingen kom til skade då ein bil havna utafor vegen ved på E134 ved Fikse måndag. FOTO: TORSTEIN NYMOEN

Trafikkuhell på Fikse

Ingen kom til skade i samband med eit trafikkuhell på Etne-sida av Fikse like før klokka 11 måndag. — Både sjåfør og passasjer skal ha kome seg ut for eiga hand, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor. Bilen, som køyrde av vegen, har fått større materielle skadar. — Den er truleg totalvrak, seier Austrheim. Årsaka til uhellet er ikkje kjend. Det var snøvêr og slapsete føre på E134 då uhellet skjedde.