Utforkøyring ved Nesheim

Ein bil køyrde av vegen på Fylkesveg 46 ved Nesheim i Vats like før klokka 9 onsdag. — Det er snakk om ein einsleg bil. To kvinner i 20-åra er sjekka av ambulansepersonell og skal vere uskadd, opplyser operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen ved Sør-Vest politidistrikt. Det er ikkje mistanke om ruskøyring. Det skal ha vore glatt føre på staden.