Politiet måtte helt i grøfta for å unngå å kollidere med bilen som 88-åringen køyrde.
ARKIVFOTO
Politiet måtte helt i grøfta for å unngå å kollidere med bilen som 88-åringen køyrde. ARKIVFOTO

Ja, det er fleire fartskontrollar

— Lensmannskontora har det siste året fått meir utstyr og betre kompetanse til å bruke det. Dermed er òg sjansen for å bli tatt større no enn det var for eit år sidan, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.

Han fortel at det er hyppigare kontrollar enn før både med laser og med måling av gjennomsnittshastigheit under vanleg patruljeteneste.

Sju forenkla førelegg vart skriven ut onsdag ettermiddag i ein laserkontroll på E134 i Øvre Vats mellom klokka 16 og 18.

— Høgaste fart var 75 kilometer i timen i 60-sona, fortel Austrheim.