Vamp samla i fjor mykje folk då dei besøkte Skånevik. 
Pressefoto
Vamp samla i fjor mykje folk då dei besøkte Skånevik. Pressefoto

Vamp til Skånevik

Fredag 3. juni blir det musikk på kaien igjen

Når Vamp entrar utescenen ved House of Blues igjen i juni, er det rundt eitt år sidan haugesundarane spela på same plass sist.

Vamp har eksistert i 24 år og er eit av landets mest meritterte band. Bandet har fått heidersbevisningar og prisar både nasjonalt og lokalt, blant anna fem Spellemannsprisar og dessuten blitt kåret til Årets spellemann. Albumet Liten fuggel blei utgitt hausten 2012. Tittelsporet har rørt og berørt mange lyttarar og songen blir i dag brukt i mange sammenhenger. Liten fuggel-turnéen varte ut hausten 2013 og var samtidig markeringa av bandet sitt 20 årsjubileum som plateartist.

Spennande besetning

Bandet hadde ein kvilepause frå turnering i 2014 og det gav tid til å komponera nytt materiale og lada opp til nye konsertopplevingar. Sommeren 2015 gjennomførte bandet ein lang sommarturne, der bandet sine nye musikarar fekk vist seg fram. Nytt album Populas, blei utgitt i oktober 2015. Derfrå er allerede singelen Elmer kjent. Albumet viser ei rekke portrett av ulike mennesker, fra ung til gammal, ulykkelege lagnadar, raringar og grupper på flukt. Songen Passasjerane er gitt til Flyktninghjelpen i samband med den store flyktningkatastrofen over Middelhavet. Hausten 2015, i etterkant av plateutgivinga, starta bandet på ein lengre turné, innleia med fulle hus i heimbyen Haugesund. Vamp presenterer seg no med ei særs spennande besetning. Øyvind Staveland, Vamps gründer, er den einaste av besetninga som har vore med gjennom heile deira 24-årige karriere. Han har laga mange av Vamp sine songer og spelar fele, bratsj, fløyter og trekkspill. Jan Toft har hovudvokal og spelar gitar. Jan er Vamp sin originalvokalist, og var med  frå starten av i 1991 og fram til 1998. I den perioden laga han fleire av Vamp sine songer. Toft har gitt ut to soloalbum, jobba som produsent og skodespelar. Odin Staveland blei i 2004 involvert som låtskrivar og musikar til Vamp si plate Siste stikk. Sidan har han turnert og spelt inn plater med Vamp, samtidig som han har komponert musikk til teater og film og jobba som produsent. Odin synger, spiller piano, trommer, percusjon og trekkspel. Bjørn Berge spelar på gitarer og banjo, og er kjent for sin energi og gitarteknikk. Han har sjølv gitt ut tolv album og blitt løna med to Spellemannsprisar. Som soloartist har han turnert Europa på kryss og tvers og gjort festivalar verda over, blant anna i USA, Canada, Russland og Ukraina. Kjetil Dalland er ein av landets mest rutinerte bassistar og  jobbar også som produsent og komponist. Han har turnert med ei lang rekke kjente artistar, som Mari Boine, Bertine Zetlitz, Kurt Nilsen, Lene Marlin, Nico Valkaepaa og fleire. Lars Eirik Støle spelar på tangentar av alle slag. Han er kjent frå Haugesund Popensemble og fra Ford Rekord, i tillegg til at han er musiker i Odin Stavelands band.