Fleire arbeidslause

Medan Rogaland og nordfylket i tredje månaden på rad har ei svak nedgang i talet på arbeidslause, har Vindafjord negativ utvikling i april. Ferske tal frå NAV viser 132 heilt ledige i Vindafjord, som utgjer 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 17 fleire enn i mars og ein auke på 24 det siste året.

Også Etne kommune opplever same trend. Her var det i slutten av april registrert 61 ledige mot 53 månaden før. Arbeidsløysa i Etne er i prosent lik som i Vindafjord. Det er 24 fleire ledige enn på same tid i fjor.

Elisabeth Lie Nilsen, leiar i NAV Marked Nord-Rogaland er tilfreds med utviklinga i regionen som viser 165 færre ledige den siste månaden. Ho forklarer auken i Vindafjord med at det er 15 personar mindre på tiltak enn i førre månad.

— Me har nokre varslar  om permittering/oppseiing for nordfylket, men dettee er spreidd litt utover i tid, og vil ikkje gi snarleg utslag i arbeidsløysetala. Så er det ein auke i utlyste stillingar i Rogaland, og det har me også i Nord-Rogaland. Den største auken her er innan bygg/anlegg, undervisning, helse og omsorg og industri, opplyser Lie Nilsen.

Rogaland har nå 11.763 ledige som utgjer heile 4,6 prosent, ein auke på 3.753 fleire enn for eitt år sidan. NAV Hordaland sine tal viser 9.410 ledige, tilsvarande 3,4 prosent og ein aue på 2.235 det siste året.