Konsernsjef Karl Johan Lier, ein glad prisvinnar på vegner av Hatteland-gruppa.
Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24
Konsernsjef Karl Johan Lier, ein glad prisvinnar på vegner av Hatteland-gruppa. Foto: Ellen Marie Hagevik/Medvind24

Hatteland Årets bedrift

Jakob Hatteland-gruppa er kåra til Årets bedrift 2015 i Etne og Vindafjord. Ein 19-åring frå Sandeid fekk prisen som årets lærling.

NæringsGiv 2016 gjekk av stabelen på Olalia Fjellstove fredag i regi av Etne og Vindafjord Næringsutvikling med samarbeidspartnerar. Eit hundretals deltakarar fekk både faglege føredrag og eit godt sosialt samvær i fjellstova i Vindafjord.

Dagen blei avslutta med festmiddag og prisdryss. Den gjævaste prisen kunne konsernsjef Karl Johan Lier i Hatteland-gruppa ta imot. Konsernet i Vats fekk prisen som Årets bedrift 2015 for si vellukka utvikling av AutoStore, eit automatisk lagerhandteringssystem med internasjonal suksess. Konseptet hadde 50 prosent vekst i fjor og systemet er seld til over 20 land.

Lier var også blant føredragshaldarane, saman med forfattar og kommentator Elin Ørjasæter, Erik Gundegjerde frå Lyse-konsernet og Etne-kunstnar Jan Terje Rafdal.

Meir heider

Det blei også delt ut tre andre prisar. Vindafjord kommune er kåra til Årets lærebedrift 2015, medan 19 år gamle Sivert Vestbø frå Sandeid fekk prisen som årets lærling for sin innsats i Berge Sag.

Årets grunder 2015 blei Favo AS i Ølensvåg, eit selskap stifta av tre kompisar i 2010. Forretningsideen er infoskjermen.no som gir dagleg og oppdatert informasjon via tv-skjerm, eit konsept som er seld til over 800 kundar. Bak denne prisen står SpareBank1 SR-Bank i Ølen i samarbeid med Medvind Næringshage og bli delt ut til gründerar i Vindafjord kommune.