Frå fjorårets vandring til NæringsGiv på Olalia.
Arkivfoto: Torstein Nymoen
Frå fjorårets vandring til NæringsGiv på Olalia. Arkivfoto: Torstein Nymoen

Næringslivet til fjells

Også den andre næringskonferansen på Olalia er fullbooka.

Torsdag ettermiddag vandrar eit hundretals næringslivsfolk til Olalia i Vindafjord. Målet er den andre konferansen med namnet NæringsGiv i regi av Etne og Vindafjord Næringsutvikling i spann med andre arrangørar.

— Responsen var stor også dette året, og nå har me ikkje plass til fleire enn dei rundt hundre påmelde. Alt ligg godt til rette for ein god konferanse, rapporterer Asbjørn Moe frå Olalia eit lite døgn før det heile brakar laus.

Blant dei som skal traska dei 5,5 kilometrane til Olalia er forfattar og kommentator Elin Ørjasæter som er invitert til å halda føredrag. Med i programmet er også utflytta etnebu Eirik Gundegjerde, frå Lyse-konsernet, kunstnar Jan Terje Rafdal og konsernsjef Karl Johan Lier i Hatteland-gruppa.

I fjor var stien til turisthytta delvis dekka av snø då den første næringskonferansen gjek av stabelen, noko som skapte visse utfordringar for arrangør og deltakarar. I år er forholda langt betre for dei gåande som nå kan ta seg tørrskodde fram på joggesko på god tursti.

Utanom fire føredrag står fire prisutdelingar på programmet. Det skal kårast Årets bedrift, årets lærebedrift og årets lærling i Etne og Vindafjord, samt årets gründer i Vindafjor.