Nekta for høg fart

Natt til onsdag gjorde politiet ei gjennomsnittsmåling av ein bil på ei strekning frå Markhus til Kyrping på E134. Målinga viste ein snittfart på 92 kilometer i timen. Sjåføren godtok ikkje eit forenkla førelegg for dette, og dermed vart det anmeldelse frå politiet si side.