Foto: Arne Frøkedal
Skakkesenteret

Vil legga ned Etne vgs

Etne vgs er blant ei rekkje vidaregåande skular som er føreslått nedlagde i Hordaland fylkeskommune.

Rektorar og politikarar blei torsdag orienterte om det overraskande framlegget som kjem i samband med revidering av skulebruksplanen.

Den vidaregåande skulen i Etne held til i Skakkesenteret der fylkeskommunen er seksjonseigar. Det går vel 80 elevar ved skulen i dag og søkjartalet til haustens inntak er rekordhøgt.

Forslaget skal til politisk behandling, og dersom det blir vedtatt kan Etne vgs blir lagt ned alt i 2017.

Ifylgje NRK Hordaland går fylkesadministrasjonen inn for å leggja ned følgjande skular. Gjennomføringsår i parentes:

  • Austrheim vidaregåande skule (2020)
  • Etne vidaregåande skule (2017)
  • Fitjar vidaregåande skule skal leggjast ned (2022).
  • Rubbestadnes vidaregåande skule skal leggjast ned (2022).
  • Bergen maritime skal leggjast ned (2020).
  • Hjeltnes vidaregåande skal leggjast ned (2017).
  • Studieførebuande program i Laksevåg skal leggjast ned (2018).
  • Sotra vidaregåande avdeling Sund skal leggjast ned. Det skal byggast ein ny skule på Straume/Bildøy (2024).
  • Norheimsund vidaregåande og Øystese vidaregåande skule skal leggjast ned. Det skal byggjast ein ny skule i Norheimsund (2026)
  • Tunesvegen skal leggjast ned (2017).
  • Garnes vidaregåande og Arna vidaregåande skal leggast ned. Det skal byggjast ein ny skule i Arna (2027).

Les meir om saka og kommentarar i måndagens papirutgåve av Grannar.