36.700 laks har rømt

Frå oppdrettsanlegget ved Varaldsøy i Hardangerfjorden er det rømt 36.700 laks, der 3.250 av disse er gjenfanga. Det viser oppteljinga til eigaren Lingalaks AS. Omfanget er dermed oppjustert frå den første meldinga som gjekk ut på mellom 10.000 og 30.000 rømt laks.

Oppdrettsselskapet si foreløpige vurdering er at årsaka til rømminga er rift i nót i samband med ein arbeidsoperasjon. Fiskeridirektoratet skal på inspeksjon på anlegget førstkomande måndag for å finna ut meir om årsaka til rømmingshendinga.

3.250 fisk gjenfanga

Det er alt observert at den rømte fisken har spreidd seg til eit større område, og Fiskeridirektoratet region Vest har etter samråd med Fylkesmannen i Hordaland pålagt Lingalaks AS utvida gjenfangstplikt.

Per 26. mai var det fiska opp cirka 3.250 fisk. Snittstorleiken på fisken er cirka 4-4,5 kg.

Det er berre selskapet sjølv som kan driva garnfiske i samband med utvidinga av gjenfangstplikta. Fiskeridirektoratet har stilt krav om at garna skal senkast til tre meter og det kan ikkje fiskast nærare enn 100 meter frå elvemunningar eller i fredingssonene. Fredingssoner er skilta. All villfisk skal setjast ut igjen.

Lover ut dusør

Lingalaks AS har etablert ein mottaksstasjon, der privatpersonar kan levera inn den rømte laksen dei har fiska med stang. Lingalaks AS gir ein dusør på 200 kroner per rømt laks som vert levert inn til selskapet. Fiskaren kan behalda fisken mot at feittfinnen vert fjerna av Lingalaks AS sitt personell.