Det nye Etne omsorgssenter skal stå ferdig neste sommar. For å få langtidsopphold  må brukarar tilfredsstille nye kriterium.
ILLUSTRASJON: AF GRUPPEN
Det nye Etne omsorgssenter skal stå ferdig neste sommar. For å få langtidsopphold må brukarar tilfredsstille nye kriterium. ILLUSTRASJON: AF GRUPPEN

AF skal byggje omsorgssenteret

AF Gruppen gjekk av med sigeren i kampen om å få byggje Etne omsorgssenter. Med positivt vedtak i kommunestyret i juni, kan det bli byggjestart til hausten.

— Pris, erfaring og kvalitet var tre hovudvilkår i anbodet, og me er nøgd med å ha funne ein vinnar, seier Ingemund Berge på vegner av byggjenmenda i Etne kommune.

Nybygget, som ifølgje bestillinga frå Etne kommune skal innehalde 20 sjukeheimsplassar og 20 omsorgsbustadar, skal AF byggje for 103 millionar kroner.

— Hand i hanske

Direktør Hans Olav Storkås i AF Bygg Rogaland, som er ein del av konsernet AF Gruppen, seier til Grannar at han er glad for å ha vunne konkurransen om å få bygge Etne omsorgssenter. Han beskriv prosjektet som eit hand-i-hanske-prosjekt for deira vedkommande.

— Det passar organisasjonen godt både i storleik og omfang, seier han.

Han seier verksemda vil vere klare til å gå i gang med byggestart i haust. Det naturlegvis med atterhald om at det politiske vedtaket om bygging er gjort før sommaren.

— Ressursane har me, så vi er parate, seier han.

Det er berekna 19 månaders byggjetid.

Sansehage på taket

Nybygget skal bli på totalt 5.000 kvadratmeter, og skal koplast saman med dagens omsorgssenter. Hovudbygninga blir på tre etasjar inkludert ein kjellar som i hovudsak skal brukast til parkering. Sett austover frå dagens omsorgssenter, blir det også bygd ein arm sørover, på skrå mot E134, med to etasjar, og med ein stor sansehage på taket.

Desse ga tilbod om bygging: AF Gruppen (Pris: 102.708.000 kroner), Kruse Smith (110.034.272 kroner), Veidekke entreprenør (114.060.843 kroner), Berge sag (118.487.538 kroner), Engelsen Bygg (119.600.000 kroner) og Hent (141.150.972 kroner).

Alle tilbydarane kan klage på kommunen sitt val av vinnar fram til 10. juni.

LES MEIR OM SAKA I PAPIRAVISA TORSDAG.