Bilbrann i Etne

Sjåføren fekk litt brannskade då det begynte å brenna i bilen, og måtte til legevakt med mindre skade. Det var vest for Etne det oppstod brann i varerommet på ein bil  tidleg torsdag ettermiddag. Naudetatane rykte ut, men skadane var ikkje store. Føraren fekk noko brannskade i samband med sløkking.