Alvorleg for Etne-kvinne

Status for Etne-kvinna som vart skada i ei sykkel-ulykke i Sveio lørdag vart sundag ettermiddag endra frå lettare til alvorleg skada, ifølgje den sist oppdaterte pressemeldinga frå Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Kvinna vart flydd til Stavanger universitetssjukehus med luftambulanse og ein mann vart flydd til Haugesund sjukehus etter ei sykkelulykke ved Auklandshamn i Sveio søndag føremiddag.

Dei to var ein del av ei gruppe syklistar, tilhøyrande Haugesund Triathlonklubb, som var ute for å trene landevegsykling.

Sør-Vest Politidistrikt skriv i ei Twitter-melding at dei skal ha blitt overraska av sauer i vegen, og dei to skal ha hekta i kvarandre då dei skulle svinge unna sauene.

— To syklistar hekta seg i kvarandre og falt, skriv politiet.

Ulykka skjedde klokka 10.50.

Tilstanden til mannen er ikkje kjend. Begge skal ha vore medviten då dei vart flydd vekk frå ulykkesstaden.

Det er ikkje kjend korleis sauene kom seg ut i vegbanen, men ifølgje Haugesunds Avis var det eit hull i sauegjerdet like ved staden kor ulykka skjedde