Skomakernibba i Vikedal - døme på fotomotiv som er aktuelle i Grannar sin fotokonkurranse.
Foto: Inge Hebnes Hårajuvet
Skomakernibba i Vikedal - døme på fotomotiv som er aktuelle i Grannar sin fotokonkurranse. Foto: Inge Hebnes Hårajuvet

Fotokonkurranse: Siste sjanse til å delta

Har du eit blinkskot frå unik lokal natur?

Fristen for å delta i Grannar sin fotokonkurranse går ut sundag 22. mai. Lesarane er utfordra til å senda inn blinkskot som viser det unike og spektakulære i naturen i kommunane Etne og Vindafjord. Det kan vera fjellformasjonar, ei utsikt utanom det vanlegare eller noko anna spesielt i naturen. Det er ein fordel at det er person/personar på bildet, og så må det ha god oppløysing slik at det eignar seg for trykk. Hugs namn på fotograf og nødvendige opplysningar om bildet.

Me trekkjer ut eitt vinnarbilde som vil bli presentert i Sommarmagasinet 2016, saman med andre innsendte bilde. Førstepremie er ein mini iPad.

Sendt ditt bidrag på epost til foto@grannar.no.

Arne Frøkedal
redaktør