Kampen blei avlyst

5.divisjonskampen mellom Ølen og Ferkingstad blei ikkje gjennomført då motstandaren frå Karmøy ikkje kunne stilla lag. Ølen-trenar Ole Arne Pedersen opplyser at dei var innstilte på å gjennomføra heimekampen torsdag kveld, men at det kom melding frå Ferkingstad tidlegare på dagen om at dei ikkje kunne stilla fullt mannskap. Det vanlege ved slike situasjonar er at Ølen vil bli tilkjent sigeren og at kampresultatet blir sett til 3-0. Etter det Grannar kjenner til er det andre gong i årets serie at Ferkingstad ikkje kan gjennomføra ein oppsett kamp