Duft av sommar. Sandvik, Skånevikstranda onsdag kveld.
Foto: Tore Flydal
Duft av sommar. Sandvik, Skånevikstranda onsdag kveld. Foto: Tore Flydal

Sol og varme i sikte

Nå har ikkje april vore av det kalde slaget, statistisk sett. Ved Meteorologisk institutt som målestasjon i Nedre Vats, har snitt-temperaturen siste 30 døgn vore 5,7 gradar, som 2,1 gradar over normalen. Høgaste temperatur var 15,1 gradar, den 12. april, lågaste var -4,2 gradar den 25. april.

Samla nedbør var 100,0 mm i perioden. Mest nedbør på eitt døger var 25,5 mm målt kl. 7 den 3. mai, for siste 24 timar.

Varselet for dei neste dagane. Skjermdump: Yr.no

Varselet for dei neste dagane.
Skjermdump: Yr.no

Varsla frå yr.no tyder på eit kraftig vêromslag frå laurdag av. Då går temperaturen opp til 19 – 20 gradar, og held seg slik i heile langstidsvarselet til og med torsdag i neste veke. Det er heller ingen utsikt til regn.

Dermed ligg alt til rette for ein eksplosjon av vår og sommar i naturen, og gode forhold for hagearbeid og turar i det fri.